Avl

Nye eigenskapar i eksteriørvurderinga

Som omtalt i sist Buskap har eksteriørvurderinga som Tine Rådgjeving utfører for Geno endra seg ved at me har teke inn tre nye eigenskapar og fjerna ein. Den som har gått ut er vridde klauver, der informasjon frå klauvskjæring erstattar opplysning ved eksteriørvurdering. Dei tre nye er speneretning framme og bak, og lynne.

Tekst og foto:
Lars Byberg Timpelen

Avlsrådgiver i Tine

lars.byberg@tine.no

Figur. Beskrivelse av vurdering lynne i NC: Manual speneretning framme

Lynne som vert vurdert ved eksteriørvurdering er kor tillitsfulle dyra er ved kontakt av ein ukjend person. Målet er at ein på sikt kanskje kan laga to indeksar for lynne, ein for lynne «i hovudet» og ein for lynne «i spenane». Difor er hovudbodskapen i denne artikkelen at i kvigevurderinga er det kun vurdering av mjølkingslynne, altså om kua sparkar under stimulering/ påsett/mjølking/avtaking som skal vurderast.

Vurdering av lynne «i spenane»

Døme på tett speneplassering og -retning

Døme på dårleg speneplassering, men god retning.

To døme på dårleg speneretning.

Dagens instruks er at dette skal vurderast ved første mjølking. Dette vil fungera dårleg ved innmjølking i robot, der første mjølking ofte seier meir om teknikk og kor nervøs kua er enn om ho reagerar på mjølkinga. Mjølkingslynne bør vurderast når kviga har ei viss tilvenning til sjølve mjølkingsrutinane. Dersom kviga reagerar betydeleg på berøring av spenane enten ved stimulering, påsett eller under mjølkinga skal dette registrerast som «lei,uroleg » ved kvigevurdering. Dette vil på sikt også kunna registrerast direkte av robotdata som påsetttid, avspark, ufullstendige mjølkingar med meire. Altså dersom de har ei nervøs kvige som er redd folk, men ikkje reagerar på berøring av spenane etter at ho har vent seg til å bli mjølka, skal vurderast som «alminnelig» lynne på kvigevurdering. Motsett dersom ei roleg, tillitsfull kvige sparkar mot robot/organ eller tydeleg mislikar mjølking/stimulering skal denne registrerast som «lei, urolig» på kvigevurdering. I robot vil dette typisk vera kviger som må mjølkast manuelt i ein lenger periode og ofte vera seine å oppsøkja robot og ha få besøk.

Speneretning er viktige robotegenskaper

Dei to andre nye eigenskapane er også viktige robot-eigenskapar. Me tek konsekvensen at at me er på veg mot å vera det landet med høgast andel robotmjølking i verda. Andre land har ein stor andel mjølkestallar, medan her er me truleg på veg mot over 90 prosent robotar når båsfjøsa forsvinn. Derfor må me ha stort fokus på spenar, både størrelse, plassering og retning. Sjølv om nye robotar er betre enn eldre, har spenane stor påverknad på effektivitet og arbeidsbehov ved robotmjølking. Enkeltkyr vil også bli slakta på grunn av spenar.

Speneretning viktigare enn plassering

I dag avlar me på spenestørrelse og plassering, men mange gonger er speneretning det største problemet. Dette er oftast framspenar som står framover eller utover eller bakspenar som står innover eller ut mot beina. Framme er dette kurant å avla på, då det er god samanheng i speneretning, speneplassering og midtband. Alle desse eigenskapane dreg i same retning. Bak er det negativ samanheng med midtband og tette, innoverretta spenar. Derfor har ein vekting i jurindeksen for å unngå tette bakspenar alltid bremsar framgang på dei andre jureigenskapar. Litt flåsete kan ein seia at dei som vektlegg vide bakspenar får dårlegare jur på kjøpet. Som regel er ikkje speneplasseringa eit problem i seg sjølv, dersom retninga er god. Tett plasserte bakspenar som peikar rett ned fungerar godt i robot. Derfor er registrering av speneretning bak viktig for på sikt å kunna flytta vekt i avlsmålet frå speneplassering til speneretning. Då vil ein kanskje kunna redusera den negative effekten dette har på dei andre jureigenskapane.

Nyttig å gje innspel

Både lynne og speneretning er eigenskapar me har fått mange innspel om frå bønder når me er på eksteriørvurdering. Dette viser at det er nyttig å gje beskjed til Geno eller avlsrådgjevarar om kva som er viktig å forbetra på NRF-kua.

Lynne

  • Lynne skal kun vurderast ut frå korleis dyret reagerar på kontakt med ukjent person. Mjølkingslynne er ikkje ein del av dette. Vurder enten fluktavstand/reaksjon ved håndtering i lausdrift eller oppførsel ved fangfront/bås. Dersom vanskeleg å vurdera, gjer me karakter 5.

  • Karakter 1: sky /vill «villdyrinstinkt», uroleg bare ved syn av folk, umulig å koma innpå i lausdrift

  • Karakter 3: nervøs, unngår kontakt, fleire meter i fluktavstand, tydeleg stressa viss dyret står fast

  • Karakter 5: normalt lynne; liten eller ingen fluktavstand ved hovud, men likar ikkje å bli målt eller tatt på jur/kryss

  • Karakter 7: svært tillitsfull, men flytter seg når den blir bedt om det

  • Karakter 8: nær apatisk lynne, vanskeleg å bevega

  • Karakter 9: respektlaust, «brunstig» lynne, lystrar ikkje forsøk på håndtering